Eg likar meg i Bergen. Er her ofte. Dei er vane med meg, bergensarane. Til stadigheit forventar dei å sjå meg. Om det går lang tid mellom kvar gong eg er her vert dei overraska. ”Slik er det jo aldri her,” seier dei. Folk i Bergen er rare. Når eg her vil dei ha meg bort, men når eg ikkje er her, lurar dei på kvar eg vart av. Eg veit ikkje alltid kva eg skal gjera av meg.
Eg har mange vener. Me dreg i flokk til Bergen og gjer jobben vår. Me er her lenge omgongen og jobbar hardt. Folk spring frå gatene når me kjem. Gøymer seg under tak og vil ikkje vite av oss.
Eg er forvirra. Nokon likar meg, andre hatar meg. Nokre hatar og elskar meg. Nokre nyttar meg, andre vil at eg skal gå frå dei så fort som mogeleg.
Eg vert plutseleg usikker på kven eg er for deg. Du er ikkje alltid glad når du ser meg. Av og til strålar du av glede, men ofte vil du ikkje vita av meg. Kva har eg gjort mot deg? Eg gjer jo berre jobben min.

Kven kan lika seg i Bergen?
SvarSlett