Morgon
Eg sit oppreist i sofaen, nett slik
eg sovna. Du søv søtt enno, litt
som ein ball med hovudet lent
inntil meg. Og den betenkte
soveputa di ser ut vindauga,
undrande, med ein arm over deg.
Dei fyrste solstrålane har såvidt
byrja å tina frostrimet frå den
stjerneklare haustnatta. Frost-
krystallane har i natta si mulm og
mørke bitt seg innstendig fast i
treverk, gras og blader. Men dei
står for fall, slik det nødvendigvis
må vere.
Natta hadde vore vakker, fuktig,
og morosam. Me lo saman. No, er
eg stille. Berre tenkjer. Skjebnen
sine tunge tannhjul har jobba
hardt i natt for å meisle ut ein bør
lik den Atlas ber på sine skuldrer.
Tyngda. Den varme tyngda av
sjela di mot mi, vedunderlig i seg
sjølv, men for meg er det ein
ubønnhørleg eld. Telen i meg
kjempar imot, salte dråpar frå
smeltevatnet pressar på.
Herlege draumar tviheld me på,
men som oftast er magien for
svak. Gløymsla et draumen om
ein ikkje tek pennen fatt og
fangar draumen i eit spindelvev
av teikn. Eg skulle ynskje dette
ville falle i gløymsla, men denne
draumen er manifest. Og med si
eiga penn har skjebnen rissa eit
pentagram i sinnet mitt for at eg
ikkje skal gløyme.
Varme lysstrålar frå røyndomen
siv uhindra inn i den uendelege
augeblinken, og slår sprekker i
han. Den frosne tida byrjar å
svive att. Du vaknar, ser på meg
og går ut på kjøkkenet. Ein våt
hund ristar av seg smeltevatn.